Tilskuddsmidler for innsamling og registrering av stedsnavn

Årets tilskuddsmidler for innsamling og registrering av stedsnavn er nå lyst ut på Språkrådets nettsider: Tilskottsordning for innsamling av stadnamn - Språkrådet. Søknadsfrist er 1. april.

Innsatsområde for 2025

Namneinnsamlinga kan gjelde kvenske, samiske, skogfinske og norske namn. Eventuelle prosjekt som gjeld stadnamn i Noreg på romani, romanes eller norsk teiknspråk, vil vere velkomne. Tiltaket skal ha eit heilskapleg nasjonalt perspektiv. Austlandet, Sørlandet, Trøndelag, Troms og Finnmark er område som særleg treng meir namneinnsamling, men prosjekt som gjeld andre område, vil òg kunne få støtte.

Kriterium for tildeling av tilskott / krav til innsamlingsarbeidet

  • Språkrådet ønskjer ei så grundig innsamling som råd, og det er derfor eit krav for å få tilskott at innsamlingsarbeidet er konsentrert til eit klart avgrensa område. Det kan til dømes vere ein del av kommunen tilsvarande eit kyrkjesokn eller eit anna naturleg avgrensa område.
  • Språkrådet vil prioritere søkjarar som samarbeider med frivillige lag og organisasjonar i lokalmiljøet.
  • Det er ein føresetnad at registreringsverktøyet som er omtala ovanfor, blir bruka aktivt i innsamlingsprosjektet. Det er utarbeidd ei rettleiing til verktøyet, og tilskottsmottakarane vil få tilbod om rettleiing og oppfølging undervegs i innsamlingsarbeidet.
  • Tilskottsmottakarane må ha ein namngitt prosjektleiar. Prosjektleiaren er ansvarleg for organisering, gjennomføring og rapportering av innsamlingsarbeidet. Det er ein føresetnad at prosjektleiaren har erfaring frå innsamling av stadnamn, eventuelt registrering av andre kulturminne. Prosjektleiaren må kvalitetssikre det innsamla materialet før det blir publisert.

Kven kan søkje?

Lokale aktørar (fylkeskommunale, kommunale eller private), frivillige lag og organisasjonar.

Kva blir det ikkje gitt tilskott til?

Det er utvikla eit registreringsverktøy som skal brukast i innsamlingsarbeidet. Det vil derfor ikkje bli gitt støtte til utvikling av andre tekniske løysingar, til dømes databasar eller nettsider.

Kor mykje kan det søkjast om?

Kor store tilskotta er, vil variere med storleiken på prosjektet, men i dei fleste tilfella vil det vere tale om mellom 50 000 og 200 000 kroner. Språkrådet vil understreke at tilskottet aleine ikkje vil kunne fullfinansiere kvart av innsamlingsprosjekta. Innsamling og registrering av stadnamn er i høg grad avhengig av frivillig arbeid. Derfor er det òg ønskjeleg at tilskottsmottakarane samarbeider med frivillige lag og organisasjonar i lokalmiljøet. Vi oppmodar òg kommunar, fylkeskommunar og andre lokale og regionale samarbeidspartnerar til å skyte inn eigne midlar for å stimulere til auka effektivitet.

Midlane skal utbetalast i dette budsjettåret (2025).

Søknadsprosess og tidsfristar

Søknadene blir behandla av Språkrådet. Søknadsfristen er 1. april.

Har du spørsmål om tilskottsordninga, kan du kontakte rådgivar Line Lysaker Heinesen på e-post line.lysaker.heinesen@sprakradet.no eller på telefon 45 73 70 45, eller seksjonssjef Daniel Gusfre Ims på e-post daniel.ims@sprakradet.no eller på telefon 95 76 51 52.

Korleis søkje?

Vi har ikkje eit eige søknadsskjema for tilskottsordninga. Søkjaren må sjølv utforme søknaden.

Send søknaden til:

Språkrådet, Postboks 1573 Vika, 0118 Oslo

eller på e-post til post@sprakradet.no.

Merk søknaden «Tilskottsordninga for innsamling og registrering av stadnamn».